Om kulturhuset

Kulturhuset i Suldal

Her finn du bibliotek, bowling, kafé, kino, kulturskule og utstillingslokale. Kulturhuset vårt er ein levande organisme som blir brukt kvar einaste dag, heile veka.

Velkommen til Kulturhuset i Suldal!

– Visste du forresten at me vart Årets kulturkommune i Rogaland i 2017 og i 2006.

Her kjøper du billettar til kino og andre arrangement me har på huset.

– Lurer du på søknadsfristar til kulturmidlar og spelemidlar, så finn du dette på kulturkontoret sine sider.

TILBAKEBLIKK:

Kulturhuset i Suldal er teikna av arkitektkontoret Asplan Viak i Stavanger, og det opna 20. september 2002.

Kulturhuset i Suldal ligg på Løhaugen i Sand i Suldal. Løhaugen er 1000-årsplassen på Sand. I 2006 fekk me bygd eit ute-amfi som knyter kulturhuset og 1000-årsplassen saman. Amfiet er bygd i tre og kalkstein, og er utforma av bilethoggar Kristian Blystad. Arbeidet vart gjort av BG Suldal og Wiresaging as. Uteamfiet har 300 sitjeplassar.

I fleire år gjekk det historiske spelet Syng elvestraum i ute-amfiet. Då føregjekk spelet i amfiet, og 1000-årplassen vart dekt med stolar til publikum.