Møte/konferanse

Kulturhuset passar til alle slags møte, store og små.

  • I storsalen har me plass til 250 i amfiløysing, 150 på flatt golv med klasseromløysing.
  • Allrommet passar godt for grupper på 30 - 50 personar.
  • For mindre møte, styremøte, medlemsmøte osb. kan foajeen eller biblioteket også vera gode alternativ

På huset har me videoprosjektør, AV-materiell, lydutstyr, flip-over osb. tilgjengeleg til møte og konferansar.

Vi kan og tilby teknisk personell dersom det er ønskeleg. Møtemat, stort og smått, ordnar kafeen vår, Brunsj. 

Skal du arrangera møte eller konferanse, ta kontakt med oss for eit tilbod på ein av desse måtane:

Prisar:
Pris avheng av rom, utstyr og behov for teknisk assistanse. Me bereknar prisen når me veit kva behov du har.
Lag og organisasjonar i Suldal kommune kan låne huset gratis til ikkje inntektsgivande arrangement, og får elles rabatt på leige jfr. Suldal kommune sine betalingssatsar (sjå punktet Utleigeprisar): Betalingssatsar.