Haustferien 2022 - med esport, Askeladden, familiekonsert, kino og bowling

Velkommen til Kulturhuset i Suldal i haustferien. Me har eit rikt og variert program å by på:

🎳BOWLING
Måndag 10/10: 12-17
Tysdag 11/10: 12-17
Onsdag 12/10: 12-17
Torsdag 13/10: 12-21
Fredag 14/10: 12-17
Laurdag 15/10: 12-15
Me har drop-in, men du kan også bestille bane i appen vår Suldal kulturhus eller ved å ringe 52792290 måndag-fredag 10-15. Ikkje mogleg å bestille bowling utanom oppsette tider i haustferien. Når du bestiller i appen i helgene eller etter klokka 17 på kvardagar, får du svar påfølgande arbeidsdag.
 
🍿KINO
Fleire filmar kvar dag frå og med søndag 9/10 til og med søndag 16/10. Det er ikkje kino laurdag 8/10 (då er det Møgedalsmarknaden). Filmar og speletider finn du her: https://suldal.kulturhus.no/kinoprogram/

🎭ARRANGEMENT
- Søndag 9/10: Lekerommet - Kyllingen som ikke kunne synge. Herleg familiekonsert. https://suldal.kulturhus.no/lekerommet-konsert-xn96af/

- Onsdag 12/10: Askeladden og Gullfuglen. Eventyrleg framsyning som passar godt for dei minste! https://suldal.kulturhus.no/askeladden-teater-for-barn-w5ydx6/

- Onsdag 12/10: Esport og sosial gaming med Geeks Esport. For unge frå 5. trinn og opp. NB! Kun førehandssal av billettar. https://suldal.kulturhus.no/geeks-e-sport-fk2q9z/

🎨UTSTILLINGSOPNING
Laurdag 8/10: Klokka 13 på laurdag har Suldal kunstlag og Ryfylke kunstlag utstillingsopning. Utstillar er Rolf Øydvin. Utstillinga kan du sjå i opningstidene til kulturhuset.

📙☕BIBLIOTEK OG KAFÉ:
Biblioteket og verdas finaste lesehytte for barn har ope i haustferien: Måndag til onsdag 10-16, torsdag 10-18, fredag 10-15 og laurdag 11-15. Brunsj kafé har ope i haustferien måndag 10. til laurdag 15. klokka 11-15.

Publisert
04. oktober 2022
Skrevet av