Askeladden teater for barn

Om arrangementet

Askeladden Friteater er tilbake med ny framsyning om Askeladden, Bukkene Bruse og mange kjente og kjære skikkelsar frå eventyra!

At Askeladden er glad i å ferdast rundt på leiting etter ting, eller på veg til kongsgarden for å målbinde ei prinsesse, er noko alle som kjenner Asbjørnsen og Moe sine eventyr veitt.
Når Askeladden møter Trollet på Hedalsskogen, dei tre Bukkene Bruse, finn fela til Veslefrikk og ei gammal kjerring som har sett fast nasen sin i stubben, - då blir det eventyrleg spennande og moro!

Sentralt i framsyninga står den store eventyrboka; ”Det var en gang”. Askeladden bruker boka som vegvisar og oppslagsverk på si spennande ferd igjennom møte med fleire kjente eventyrskikkelsar. Med litt hjelp frå barna, blir det til slutt ein hyggeleg snipp snapp snute!
Framsyninga varar ca. 30 min. Passar for alle.

Skodespelarar frå Askeladden Friteater, regi og manus: Bjørn Helge Warud.