Ryfylkefest med STAUT + The Rasing Steins

Om arrangementet

Me toppar jubileumshelga med Ryfylkefest og utedans i amfiet! Sikre deg Early bird-billett eller festivalpass før 8. april!

Program
19.00 Teltet og kulturhuset opnar med servering av mat og drikke. 
20.00 Utedans i amfiet, med The Rasing Steins
22.30 Utedans i amfiet, med STAUT
Lokale heltar
Me ønsker velkommen til NYTT LOKALT band! Dei kallar seg The Rasing Steins og dei er steinklare for ein festleg kveld med dans ute. På scena denne kvelden finn du fleire lokale heltar: Thomas Tveiten, Jon Vold, Ådne Nærheim og Knut Nærheim
Makalause STAUT
Folkrockbandet STAUT frå Valdres tar oss ut i sommarnatta med sin festglade miks av folkemusikk, rock og country. Som eit av våre mest omreiste turneband kan STAUT skilte med fleire konsertar enn dei mest garva vegslitarane. Med fleire gullplater og førsteplass på albumlistene er neppe nokon betre rusta enn STAUT til å toppe Jubileumsfesten Ryfylkedagane i 40. STAUT er: Gaute Lein, Asle Tronrud, Ørnulf Juvkam Dyve, Dag Arve Sandnes, Frode Flatland og Torgeir Bolstad. 
Aldersgrense 18 år
Billettpris Ryfylkefest med STAUT + THe Rasing Steins: 495,- (Earlybird 15. mars - 8. april) 750,- Festivalpass (klassisk konsert torsdag, FYK fredag og The Rasing Steins + STAUT laurdag). Salg av festivalpass sluttar 8. april.
Etter 8. april koster denne konserten: 595,- 

 

Foto: Michaela Kouda