JULABLOT - Julekonsert med Vidar Seljen og Olga Amalie
Billetter
Om arrangementet
Kom og gløym julestresset! Bli med inn i eit mørkt, lyst og vakkert musikalsk univers. Artist Olga Amalie og musikar Vidar Seljen Høydal ber deg inn til ein julekonsert heilt utanom det vanlege. Dette er ikkje ein tradisjonell julekonsert. Det er ei sjelfull reise der urgamle tradisjonar møter det moderne. Mellom djupe droner, pulserande sjaman-trommer og mystisk improvisasjon, smeltar kjende salmer saman med nye låtar og rå urkraft. Du vil få høyra alt frå ukjende folketonar til artistane sine eigne komposisjonar – framført på heilt spesielle instrument. Her smeltar det hekseaktige og det heilage, det mørke og det magiske saman. Velkomen til eit unikt samhald i vintermørkret.
