Folk på fredag VÅG
Billetter
Om arrangementet
Folkemusikk- og dansekavalkade 6. – 8. november er det Folkemusikk- og dansehelg på Mo Laksegard, der rogalendingar møtest for å læra seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument og på dansegolvet. I kveld får me sjå og høyra litt kva alle desse folka driv på med. Det blir song og spel! VÅG! Jon Bugge Mariussen (dans, koreografi), Håkon Håvelsrud Odden (dans, koreografi), Johanne Løkensgard Mjøs (fele) Våg! er ei kritikarrost danseframsyning som handlar om vennskap. Framsyninga tar opp ting som ofte oppstår i ein nær relasjon: identitet, konflikt, fellesskap, kommunikasjon og samarbeid. Med humor, leik og alvor følgjer me Jon og Håkon sitt vennskap gjennom oppturar og nedturar. Korleis kan me visa nærleik til kvarandre i ei verd kor me stadig kjem lenger frå kvarandre? Vågar me å stilla opp for kvarandre, eller lukkar me oss inn i oss sjølve? Våg! er ei spektakulær framsyning som begeistrar og utfordrar. Vågar du?
