2

Distriktsmusikarane

Distriktsmusikarane i Ryfylke er ei gruppe profesjonelle musikarar som starta opp for meir enn 25 år sidan i Suldal. Dei er tilsett i Suldal kommune og tar imot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i kommunen.

Ensemblet held òg konsertar og spelar kammermusikk rundt om i Ryfylke og regionen elles ilag med andre musikarar. Alle er lærarar på sine instrument og samarbeider med elevane og dei andre lærarane på ulike prosjekt i kulturskulen.

Xenia Berkova

Xenia Berkova kjem frå Slovakia. Ho har studert fiolin ved Konservatoriet og Høgskolen i Bratislava og ved Høgskolen i Stavanger. Xenia har spela i Bratislava Chamber Soloists, Slovak Filharmoni Orchestra, Stavanger Symfoniorkester, barokk ensemblet Musica Eterna, Harald Hårfagre kammerorkester og MUNOR-ensemblet. Ho har og spela på meisterklassar for bl.a. Alexander Arenkov, Evgenia Chugajeva, Frantisek Novothny, Zakhar Bron, Christian Altenburger og Evgeni Grach.

Veerle Omer Tieghem

Veerle Omer Tieghem kjem frå Belgia. Ho studerte piano med Johan Duijck ved Royal Conservatory of Ghent. Som medlem av Chiarina Trio har ho reist rundt i heile Europa og konkurrert på høgt nivå. I tillegg har ho vore å høyra på nederlandsk radio, spelt på den belgiske ambassaden i Roma, på ESTA-kongressen i Brugge og på mange andre konsertar i Belgia og Nederland. Ho har og studert akkordeon og trekkspel.


Jan Gunnar Sørbø

Jan Gunnar Sørbø (1982) haldt sin første solo-recital som 14-åring og konserterte i ei rekkje ulike samband. Han deltok også i ei rekkje klaverkonkurransar frå ung alder av, og vann ungdommens pianomeisterskap som 17-åring. Klaver studerte han hovudsakleg med professorane Erling Eriksen, Einar Steen-Nøkleberg, Jens Harald Bratlie, Christina Bjørkøe og Micheal Endres. I 2018 avslutta han solistutdanninga si ved Syddanske Musikkonservatorium (Odense, DK) med offisiell debutkonsert. I PhD-graden sin frå Norges musikkhøgskole (2017) arbeidde han med fortolking av soloverk av Beethoven og Chopin, med utgangspunkt i Hans von Bülows instruktive noteutgåver. Tema for prøveførelesinga var Bachs Kromatiske fantasi og fuge, noko han løyste ved både å framføre og analysere dette verket. Jan Gunnar Sørbøs fortolking kjenneteiknast såleis ved djuptpløyande framføringar både i teknisk og erkjenningsmessig forstand. I tillegg til aktiv konsertering som solist og kammermusikar, underviser han i klaver og fortolking ved Norges musikkhøgskole. I 2019 arbeider han som distriktsmusikar i Suldal kommune og turnerer med Stavanger klaverkvartett.


Distriktsmusikarane tar i mot oppdrag frå lag og organisasjonar som er heimehøyrande i Ryfylke. Dette er eit gratis tilbod. Ta kontakt seinast 10 dagar før.

Kulturhuset i Suldal
Løhaugen 1
4230 Sand
tlf 52 79 22 82
e-post til:
veerle.omer.tieghem@suldal.kommune.no
xenia.berkova@suldal.kommune.no

 

 

_
_
_