Venteliste til Trygve Skaug

Med dei nye reglane om maks 100 i salen er det nå akkurat fullt på Trygve Skaug-konserten 15. april.

Har du ikkje fått billett, men har grueleg lyst til å gå? Du kan stå på ventelista vår viss du vil.

Slik gjer du det: Trykk på ">>Venteliste" under her. Då opnar det seg ein ferdig utfylt e-post. Send e-posten, og - vips! - så står du på ventelista. Skulle det bli tillate med fleire enn 100 i salen før konserten med Trygve Skaug, sender me då beskjed om det til alle som står på ventelista(NB).

>>Venteliste

(NB) Dette er ikkje ein billettreservasjon. Du som står på venteliste må gå inn og kjøpa billett som vanleg når den tid kjem. Fordi billettsystemet vårt nå er låst til maks 100 deltakarar, er det ikkje mogeleg å reservera billettar til denne konserten.

Kulturhuset i Suldal, 23. februar 2021

Publisert
23. februar 2021
Skrevet av
Toyni Tobekk