Stavanger Symfoniorkester til Suldal

Italia-reiser på 1700-tallet var openbert ein god idé, særleg for unge musikalske geni. Kveldens oppfordring er enkel: Lytt til ungdommen!

SSO til Suldal

SSO til Suldal i februar

Stavanger Symfoniorkester kjem til Suldal med "Unge Mozart og hans samtid".

Som 14-åring skreiv W. A. Mozart ei gruppe symfoniar på Italia-reisa si (1769–71). Nr. 10 K. 74 i G-dur er i to satsar, sidan dei to første delane er forbundne med kvarandre. Verket har eit typisk italiensk preg; det er elegant, oppfinnsamt i tematikken og rikt på kontrastar.

Johann Christian Bach var den yngste av J. S. Bach sine komponerande søner. Han skreiv meir enn 90 symfoniar, ouverturar, operaer, solo-konsertar og kyrkjemusikk, og hadde ein vesentleg påverknad på den unge Mozart som høyrte han i London. Stilen til Johann Christian, kalla «London Bach», skildrast gjerne som galant eller rokokko, med innslag av «Sturm und Drang».  Det er inga overdriving å seia at hans einaste moll-symfoni, den særeigne nr. 6 op. 6, peikar framover mot klassisk og romantikk.

Billett til deg sjølv eller nokon du er glad i!

Thomas Linley jr. blei kalla «den engelske Mozart». Han trefte også Mozart på ei Italia-reise, men døyde berre 22 år gammal. Fiolinkonserten hans fortener å bli høyrt, det same gjeld Mozarts første fiolinkonsert i B-dur (1775) der særleg den uttrykksfulle og melodiprega langsame satsen gir eit sterkt inntrykk. 

Innan dette verket avsluttar konserten, får me høyre ein symfoni i Ess-dur av Josef Myslivecek, som også møtte Mozart i Italia. 

PROGRAM

Wolfgang Amadeus Mozart (1756-1791):
Symfoni nr. 10 i G-dur, K. 74 (1770) 8 min.
Allegro
Andante
Rondeau. Allegro

Johann Christian Bach (1735-1782):
Symfoni nr. 12 i g-moll ("Sinfonia") Op. 6/6, CW C12 (1769) 13 min.
Allegro
Andante piu tosto adagio
Allegro molto

Thomas Linley jr. (1756-1778):
Fiolinkonsert i F-dur (1773) 18 min
Moderato
Moderato
Adagio

Pause

Josef Myslive?ek (1737-1781):
Symfoni for 2 horn, 2 obo og strykeorkester i Ess-dur (1778-1780) 10 min.
Spiritoso
Andantino
Presto

Wolfgang Amadeus Mozart:
Fiolinkonsert nr. 1 i B-dur K. 207 (1775) 21 min.
Allegro moderato
Adagio
Presto

MEDVERKANDE

Shunske Sato, dirigent og fiolin: 

Shunske Sato - violinist & conductor
Publisert
04. desember 2023
Skrevet av
Toyni Tobekk