Sommarutstillinga 2022

Tradisjonen tru byr Kulturhuset i Suldal, saman med Suldal Kunstlag på sommarutstilling også dette året.

I år er det Nenad Ignjatic som er utstillar. Og for han og ikkje minst for oss andre, så vil denne utstillinga vera ei jubileumsutstilling. Nenad fylte 60 år tidlegare i vinter og utstillinga markerer og at han har vore i Norge i 30 år. For dykk som ikkje kjenner Nenad, og eg kan ikkje tru at det er mange, så vart Nenad Ignjatic fødd i det gamle Jugoslavia. Han, som så mange andre måtte flykta med familien sin då krigen braut ut. Etter opphald på diverse asylmottak, landa Nenad og familien hans heldigvis hjå oss i Suldal. Han markerte seg straks med sitt smilande vesen og framferd; heile tida opptatt med å bli kjent med suldølen og knyta nye vennskap. Heime i Jugoslavia hadde han vore i politiet og halde på med måling og kunst som hobby. I tida på asylmottak vart ventetida på opphaldsløyve brukt til å teikna og måla. Han har eit meisterleg talent for karikatur og den teknikken gjorde at han fekk eit stort nettverk, nye vener og vart kjent med andre kunstnarar.

Etterkvart har det blitt kunst på heiltid; som lærar i kulturskulen og med eige atelier. I tillegg til dette har han vore ein uvurderleg kontaktperson for nye flyktningar til Suldal. Både som friviljug og som oppstartar av det som no har fått namnet Suldal Frivilligsentral.

Jubileumsutstillinga, som og er ei salsutstilling, opna laurdag 4.juni og kan opplevast i kulturhuset sine: opningstider: Måndag - onsdag 10-16, torsdag 10-18, fredag 10-15 og laurdag 11-15 (Sommarope 27. juni - 20. august måndag - fredag 10-15 og laurdag 11-15).

Eva Bendiksen, Suldal kunstlag

Publisert
27. juni 2022
Skrevet av