Sommartider hey hey!

24. juni startar sommarferien på kulturhuset - og me er klare med kino, bowling, sommarutstillinga, uteleiker for dei små og enkel kafé for små og store. Nytt i år er at Turistinformasjonen har flytta inn i skranken hjå oss. Det synest me er veldig stas!

Her ser du opningstidene våre i sommar:

Kulturhuset og biblioteket:
Måndag kl. 10.00 - 15.00
Tysdag kl. 10.00 - 15.00
Onsdag kl. 10.00 - 15.00
Torsdag kl. 10.00 - 15.00
Fredag kl. 10.00- 15.00
Laurdag kl. 11.00- 15.00

Turistinformasjonen (ope frå 15. juni og ut august)
Alle dagar 10.00 - 17.00

Bowling
Dei fleste torsdagane 12.00-17.00. Her kan du bestille bane. 

Sommarutstillinga 2024:
Alle dagar 10.00 - 17.00

Kino:
Laurdagar og søndagar (sjå opp for pop-upkino i veken også!) Heile kinoprogrammet ser du her.  Minner også om at alle kinobillettar kostar 30,- kr for deg som er under 18 år!

Kafé:
Måndag - fredag 10.00-15.00, laurdag 11.00-15.00
Vaflar, småmat, wienerbrød, kald og varm drikke.

Publisert
17. juni 2024
Skrevet av
Toyni Tobekk