Covid-19, arrangement og opplevingar - slik gjer me det:
Når du skal på arrangement hjå oss, så ønskjer me at du skal få ei trygg og god oppleving. Slik har me det hjå oss:
- Hald god avstand. Er det kø, set me pris på at du ventar ute.
- Sit på plassen din. Plassen din står anten på billetten eller du får beskjed av personalet når du kjem.
- Har du lyst til å flytte på deg, seier du bare frå til personalet når du kjem, så ser me kva me får til.
- Planlegg for at du ikkje treng forlata salen meir enn naudsynt under eit arrangement.
- Hald deg heime viss du er sjuk eller i karantene.
Me følgjer ellers nasjonale påbod og retningslinjer. Andre kommunar kan ha andre reglar enn oss. Det er viktig at me alle følgjer dei reglane som gjeld i vår eigen kommune og på den plassen me oppheld oss.
Suldal kommune: https://www.suldal.kommune.no/.../informasjon-om.../




Det er såleis heilt trygt å kjøpa billettar på førehand, og me set stor pris på at alle som kan kjøper billettane sine på nett. Spør oss gjerne viss det er noko du lurer på! Me hjelper så gjerne 
