Slik gjer me det

Covid-19, arrangement og opplevingar - slik gjer me det:
 
Når du skal på arrangement hjå oss, så ønskjer me at du skal få ei trygg og god oppleving. Slik har me det hjå oss:
- Hald god avstand. Er det kø, set me pris på at du ventar ute.
- Sit på plassen din. Plassen din står anten på billetten eller du får beskjed av personalet når du kjem.
- Har du lyst til å flytte på deg, seier du bare frå til personalet når du kjem, så ser me kva me får til.
- Planlegg for at du ikkje treng forlata salen meir enn naudsynt under eit arrangement.
- Hald deg heime viss du er sjuk eller i karantene.
 
Me følgjer ellers nasjonale påbod og retningslinjer. Andre kommunar kan ha andre reglar enn oss. Det er viktig at me alle følgjer dei reglane som gjeld i vår eigen kommune og på den plassen me oppheld oss.
 
 
👌❗Viktig info om billettkjøp: I desse dagar då ting kan bli utsett eller avlyst pga Covid 19, kan det vera greitt å vite kva som skjer når du kjøper billett til arrangementa våre:
👉 Blir arrangementet avlyst, får du pengane tilbake.
👉 Blir arrangementet utsett, gjeld billetten din også på ny dato. Passar ikkje den nye datoen, får du pengane tilbake.
Det er såleis heilt trygt å kjøpa billettar på førehand, og me set stor pris på at alle som kan kjøper billettane sine på nett. Spør oss gjerne viss det er noko du lurer på! Me hjelper så gjerne 😊

 

Publisert
22. februar 2021
Skrevet av
Toyni Tobekk