Operagalskap - med Jan Gunnar Sørbø og Eir Inderhaug

Velkommen til pur og herleg galskap – Operagalskap!

Operagalskap i Suldal

Operagalskap er ei forrykande framføring med sopran Eir Inderhaug og pianist Jan Gunnar Sørbø, begge i fri utfalding. Saman presenterer dei eit vidfamnande og virtuost program med utgangspunkt i operaens livsverd. Dei byr på elleville påfunn og gnistrande samspel i ei framsyning med hovudvekt på opera. Me får òg innslag av samtidsmusikk, country og boogie-woogie. Og dette skjer altså på Kulturhuset i Suldal i mars 2024.

Billett til Operagalskap

Alt dette blir gjennomsyra av blendande klaverspel og stor stemmeprakt. Dette sjangeroverskridande programmet rettar seg mot eit breitt publikum og berører dei fleste fasettar av dei menneskelege kjensleregistra.

Framleis undrande til kva dette kan vera? Då må du sjå dette: https://youtu.be/hXkMlBXA6TY

Operagalskap er:

Eir Inderhaug (f. 1974) er ein norsk sopran. Ho har si utdanning frå Rogaland Musikkonservatorium, Opera Akademiet i København og solistutdanning ved Kgl. Danske Musikkonservatorium i København. Inderhaug vann NRKs Talentiaden i 1991. Ho har hatt opera-, operette- og musikalroller i Tyskland, Sverige, Norge, Belgia med meir. I Norge har ho vore engasjert ved Den Norske Opera og Ballett, Les Misérables på Trøndelag Teater, Spelet om Heilag Olav på Stiklestad i tolv sesongar og Peer Gynt-stemnet ved Gålåvatnet 2007/2008. Hennar eiga framsyning Jeg ER Lucia mottok strålande kritikkar og terningkast seks etter å ha blitt spelt i Kristiansand, Trondheim og Oslo i 2017. «En operafest som bør fenge langt utover et vanlig publikum» var Fædrelandsvennens skildring, medan Aftenbladet slo fast at «Eir imponerer stort».

Jan Gunnar Sørbø (f. 1982) er norsk pianist med utdanning frå Høgskolen i Stavanger, Norges Musikkhøgskole, Musikkhøgskolen i Hannover og Barratt-Due musikkinstitutt. Han har si solistutdanning og offisielle debut frå Syddanske Musikkonservatorium i Odense. Han har opptrådt som solist internasjonalt i Griegs A-mollkonsert og i Beethovens trippelkonsert, og har konsertar i Slovakia, Danmark, Sverige, Georgia, Frankrike og Tyskland. Som ein av svært få pianistar har han framført heile Bachs Das Wohltemperierte Klavier. I Norge har han, bortsett frå solokonsertar, markert seg som ein framifrå kammermusikar og akkompagnatør i ei rekkje samanhengar, mellom anna som pianist i Stavanger Klaverkvartett.

Publisert
12. desember 2023
Skrevet av