Moddi kjem tilbake!

Var du på julekonserten med Moddi i fjor, er me heilt overbevist om at du ikkje gløymer den heilt spesielle stemninga Moddi og gjengen hans skapa for oss i salen. 

Og han sa det jo sjølv: - Dette må me gjera meir!

Han haldt ord. Nå kjem han tilbake til oss på Sand i Suldal, onsdag 11. desember 2024.

Moddis stemme er for mange sjølve lyden av jul, etter at den unge senjaværingen vart handplukka av kronprins Haakon til å synge «Nordnorsk julesalme» under Slottets julekonsert i 2011. Sidan den gongen har musikken hans blitt allemannseige, og i fjor gav Moddi for første gong ut eit eige julealbum!

Moddi sjølv har eit komplekst forhold til juletida, på godt og vondt. «Eg har vanskeleg for å finne roa i alt stresset og forventningspresset» fortel han. «Difor ville eg lage ei juleplate om dei tinga eg skulle ønske jula handla om. Om å finne tilbake til kvarandre etter eit langt og hektisk år. Om å puste ut og høyre til der ein er.»

Publisert
17. juni 2024
Skrevet av
Toyni Tobekk