Kultur i Suldal

Suldal vil gjera kulturen synleg!

I dag slepp Kulturhuset i Suldal den første episoden av Kultur i Suldal, ein videoserie som skal synleggjera kunst- og kulturmiljøet i kommunen.

- Først ut er biletkunstnar Ellen Kalvig, og vidare ut over hausten skal publikum få bli betre kjente med fleire av aktørane som har kunst og kultur som sitt levebrød, heilt eller delvis.

Det fortel kulturhusleiar Hanne Mette Birkeland. Ho er svært stolt over dette prosjektet, som har fått namnet Det digitale kulturhuset.

- Ideen til prosjektet fekk me i vår, då Norsk kulturråd lyste ut ekstraordinære korona-midlar til prosjekt som kunne vere med og støtte opp om kulturlivet, seier Birkeland.

Kulturhuset i Suldal var eitt av få kulturhus som fekk prosjektstøtte, og Birkeland gler seg nå til å få vist fram noko av det kulturen i Suldal har å by på. Videoserien startar i dag og vil rulle og gå utover hausten på kulturhuset sine nettsider og på Facebook.

- Det er viktig for oss å vise at kulturen ikkje gir seg, seier Birkeland, som har vore oppteken av å finne nye arenaer for formidling i den tida kulturhuset måtte halda stengt.

- Nå kan me heldigvis invitera folk til oss igjen i haust, og det er me veldig glade for. Likevel synest me det er fint å kunne få presentere akkurat denne serien til alle uansett kor dei er.

Prosjektet er støtta av Norsk kulturfond.

Publisert
07. september 2020
Skrevet av
Toyni Tobekk