Kino-omtale Wonka, Ønske og Napoleon

Ikkje mindre enn tre kinopremierar kan du få med deg på kino i helga.

WONKA

Willy Wonka kjenner me frå Roald Dahl sine bøker om Charlie og sjokoladefabrikken. Denne historia har vore filma før, men denne gongen har me gått lenger tilbake i tid. Me møter den unge Willy Wonka som har ein draum om å laga verdas beste sjokolade. Og berre du har vilje, trur på magi og det beste i menneska – ja, då er alt mogleg. Eit forrykande og fargerikt meisterverk av ein film med musikk som det svingar av. Her og der kan det bli litt skummelt, difor 6 års aldersgrense på denne. Likevel ein flott familiefilm.
Speletider for Wonka.

ØNSKE

I det magiske kongeriket Rosas, bur Asha. Ho er ei smart og oppfinnsam jente. Ho har eit ønske så stort at det berre er ei stjerne som kan svare henne. Saman dreg Asha og Stjerne til den mektige kongen og herskaren i Rosas, slik at dei kan redda den lille landsbyen hennar og at vidunderlege ting kan skje dersom modige menneske slår seg saman med dei magiske stjernene. Eit nytt musikalsk eventyr for store og små. Aldersgrense 6 år.  Speletider for Ønske.

Så kjem me til den filmen som kanskje har fått mest merksemd i haust, nemleg... 


NAPOLEON

Ridley Scott står bak dette storslåtte actiondramaet om denne franske generalen og som etter kvart krona seg sjølv til keisar av Frankrike. Ein mektig hærførar og strateg som i si tid var i ferd med å legga heile Europa, delar av Afrika og Russland under seg. Filmen skildrar Napoleon sin veg oppover i det militære og det politiske systemet. Ein mann med nådelause ambisjonar, leiarevner og krigsvisjonar. Her er storslåtte slagscener, og Ridley Scott sparar bokstaveleg talt ikkje på krutet. Joaquin Phoenix er meisterleg i rolla som Napoleon. Aldersgrense 15 år. Speletider for Napoleon.

Publisert
04. desember 2023
Skrevet av
Eva J. Bendiksen