Forfattarvitjing i biblioteket – Inger Postvoll

Denne veka inviterer biblioteket til forfattartreff. Vi får besøk av Inger Postvoll i frå Haugesund - fredag 28. februar klokka 12.30.


RullatorgjengenKanskje ikkje så kjend namn for mange, men ho har familietilknytning til Suldal og gjekk på folkehøgskulen her. Inger Postvoll har skreve fleire barnebøker, og i fjor kom ho med si første vaksenbok. Ho seier sjølv at då ho studerte nordisk vart ho heilt matt av alt ho måtte lesa om drap, incest og overgrep. Som ein motreaksjon på dette og manglande humørfylte bøker i bokhandelen fann ho ut at ho måtte skrive sjølv. Slik vart Rullatorgeriljaen til.

Boka handlar om eit 50-års treff for gamle skulevener. Det er stor gjensynsglede, men etterkvar skjer det ting og dei anar at her er det mykje meir enn berre ugler i mosen. Krimforfattaren Geir Tangen skriv: «Denne boka kommer leserne til å elske. Spreke pensjonister som tar den helt ut, og som nekter å la seg knekke under tung medisinering eller av strenge sykepleiere, er en brennsikker vei å gå for å bli en snakkis. Når boka i tillegg viser seg å være et skikkelig sjarmtroll med lun og varm fortellerstil, og en underliggende humor som bobler til overflaten med jevne mellomrom, ja da kan en vel ikke be om stort mer? Kan en vel?»

 

Arrangementet er gratis.

Publisert
29. mars 2020
Skrevet av