Folk på fredag

Kortreist denne gongen: Sand & Sand = Line Sand (song), Reidar Sand (song, gitar)!
kl 19.00: BRUNSJ opnar
kl 20.00: Konsertar: Line Sand & Reidar Sand + TRADISH (DK/Irland)
Musikalsk vert: Mark Laurenson.
Etter konsertane: Jam, prat og mat.
Inngang kr 300,-
---------
TRADISH (Danmark)
John Pilkington (vokal, gitar, bouzouki), Loise Ring Vangsgaard (fele, viola, vokal), Brian Woetmann (bodhrán, perkusjon, mandolin, vokal, stepping)
Tradisjonell irsk musikk har vakse til eit mektig tre i løpet av de siste 200 åra, med greiner som strekker seg over heile verda. Kombinasjonen av irsk emigrasjon og den reine lidenskapen til den tradisjonelle musikken blømde opp til å bli eit verkeleg globalt fenomen. Tradish møter publikum med ei open og personleg tilnærming til den tradisjonelle irske musikken. Med ei blanding av gamal og ny musikk, historieforteljing og eigne komposisjonar, viser Tradish ei sterk forankring og respekt for røtene. Sidan 2009 har trioen vore eitt av dei travlaste tradisjonelle irske banda me har, ikkje berre i Danmark, men også i Sverige, Noreg, Tyskland, Grønland og Tsjekkia turnerer dei land og strand. Tradish sitt særeigne lydbilete har utvikla seg etter mange års samspel: lyden av tre stemmer og seks hender som plukkar, stryk og slår på instrument handlaga av tre, strenger og geiteskinn. Dei gir oss ei stemningsfull og energisk konsertoppleving til å bli glad av.
 
------------------------------------
Sand & Sand
Line Sand (song), Reidar Sand (song, gitar)
Line og Reidar er eit søskenpar i 20-åra frå Sand. I oppveksten fekk dei oppleva mykje kultur, og dei har begge vore aktive i kulturskulen i Suldal. Det var også på Sand at dei først blei kjende med folkemusikken, særleg gjennom folkemusikkhelga på Mo Laksegard. Dei syng ofte saman når dei møtest, og då går det mest i folketonar og visesong. Reidar skriv eigne viser og spelar gitar. Dei syng mest folketonar frå Rogaland og syns det er ekstra stas med songar frå Suldal.
__
BRUNSJ held ope og serverer deilig fredagsmat og -drikke.
__
Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Tove på tlf 959 24 144.
 
MEIR FOLK PÅ FREDAG:
20. sept: REITIR + Belg & Boge
8. nov: TIDENES FOLKEMUSIKK- og FOLKEDANSKAVALKADE + Alexander Røynstrand
__
Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.
Publisert
22. januar 2024
Skrevet av