Filmundring

Hausten 2020 startar me opp med eit (for oss) nytt og spennande prosjekt me har kalla Filmundring.

Me skulle eigentleg starta 12. mars i år, men nå er me i alle fall klare! 

Med prosjektet Filmundring ønskjer me å laga eit rom for undring rundt eit utval kvalitetsfilmar, nye som litt eldre. I utveljinga vil me gå for det smale heller enn det breie underhaldningssegmentet.

Me vil plukke ut ulike tema og sjangrar og skapa engasjerande møteplassar med kino-opplevinga som midtpunktet.

Samlingspunkt for alle

Prosjektet, som er støtta av Norsk Filminstitutt, har ein horisont på omlag to år, med 3-4 filmar i halvåret. Målgruppa for prosjektet er "alle", men somme arrangement vil ha ei tydelegare målgruppe, som til dømes pensjonistar eller barn og unge. Målet er likevel at alle skal føle at dei kan gå, om dei ikkje er direkte i målgruppa.

Høgt under taket

For å skapa rom for undring, fabulering, ordskifte, lått og alvor, kjem me til å ha ein "etterpå-prat" etter filmen med ordstyrar i salen. Denne etterpå-praten har me også som målsetjing at folk kan delta på både frå salen og digitalt heimefrå. Etterpå-praten kan bli erstatta av til dømes vennskaps-verkstad for barn og liknande. 

Det er ikkje sikkert me finn alle svara på det me lurer på ein slik kveld, men det er heilt i orden. Det me håper er at me alle kjenner at me har fått nokre nye perspektiv og kanskje har fått brynt vårt gamle tankegods ein smule.

Praktisk gjennomføring:

  • Me sel ikkje fleire billettar enn det som er forsvarleg ifht. styresmaktene sine krav til avstand.
  • Me følgjer dei reglane som gjeld til ein kvar tid, både når det gjeld reinhald, tilgang til antibac og eventuell bruk av munnbind.
  • Teknisk gjennomføring av etterpåprat vil bli gjort med god avstand mellom debattantar, ingen bruk av mikofon som skal sendast rundt i salen, osb.

Me har nå lagt plan for hausten 2020. Kva som skal skje i prosjektet i 2021 får du vite når 2020-sesongen nærmar seg slutten. Dette er både for å få fanga opp eventuelle nye filmar i 2021 og eventuelle nye råd kring Covid-19.

Program for Filmundring i 2020:

17/9 - iHuman
15/10 - Girl
17/10 - Min nabo Totoro
17/11 - Kvinne på krigsstien

Publisert
17. august 2020
Skrevet av
Toyni Tobekk