Etterlysning: Gode ambassadørar med meiningars mot

Vil DU vera med og utvikla kulturhuset for framtida? Bli med i ambassadør-gruppa vår!

7. november 2019.

Det er nå 17 år sidan me opna Kulturhuset i Suldal. Dei åra har me gjort utruleg mykje gildt, kjekt, spennande, rart, morosamt, underleg, koseleg og fint saman med dykk, kjære gjester. Det har vore stappfulle hus og god gang med Pink Floyd, og det har vore smale framsyningar for dei få. Me har opplevd at de har vore med oss heile vegen, og at vegen har vore kort for dei av dykk som har meint noko om det me driv med. 

Det er me så glade for! Og me vil gjerne høyra endå meir fra dykk.

Bli med i ambassadør-gruppa

Spørsmåla me stiller oss nå, er:

 Kva skal me satsa på i framtida, og korleis vil me ha det på Kulturhuset i Suldal?

  • Underhaldning eller kunst?
  • Meir kino, mindre bowling
  • Kultur må vera lokal!
  • Me må opna oss for andre kulturar
  • Underhaldning og kunst, er svaret

Kva meinar du? 

Me på Kulturhuset i Suldal ønsker å setta saman ei gruppe til eit eittårig prosjekt for å løfta fram og utvikla tilbodet på kulturhuset. I denne gruppa er det ingen som sit på fasiten. Snarare ønsker me å heva taket for å gje rom for små og store spørsmål og fine fabuleringar.

Har du ei meining om kva kulturhuset skal brukast til og korleis me kan få den gode kulturen fram? Då håper me at du søker om å få bli med i ambassadør-gruppa vår.

Krav til deg:
Du må bu eller ha hytte i Suldal
Du må gå på minst to arrangement i prosjektperioden
Du må delta på to møte i prosjektperioden

Du får:
Fri inngang på alle arrangement i prosjektperioden.

Og du: Det er absolutt ikkje eit krav at du kjenner kulturhuset og tilbodet vårt inn og ut frå før.

Send oss ein e-post og fortel kort om deg sjølv og kvifor du ønskjer å vera med i denne gruppa. Søknadsfrist fredag 22. november 2019.

Send til hanne.mette.birkeland@suldal.kommune.no. Prosjektet vil starta 1.1.2020 og vara heile 2020.

Publisert
29. mars 2020
Skrevet av
Toyni Tobekk