Du har ideane - me har deigen!

Bli med og fyll pepparkakebyen vår på kulturhuset!

  • Hent peparkakedeig i skranken på kulturhuset. Den er gratis!
  • Du kan lage akkurat kva du har lyst til: hus, tre, dyr, skøytebane, hoppbakke, Ostasteidn, koret ditt ... Berre lag med hjarta og fantasien - så blir det bra!
  • Lever praktverket ditt ferdig pynta og montert på plate i løpet av onsdag 23. november kl. 10-16.
  • Få med deg ungane, jobben, klubben, eller innfør enevelde og gjer jobben sjøl - du bestemmer.
  • Du får igjen praktverket ditt viss du ønskjer, rett over nyttår.
  • Desse kakene skal me ikkje ete, så du kan bruke lim og forsterkingar, viss du ønskjer det.

 

Det blir høgtidsam opning laurdag 26. november klokka 12.30!

Helsing Kulturhuset i Suldal

Publisert
02. november 2022
Skrevet av