Ryfylkedagane - Ausekarane + Burgess og Laurenson med Suldalsvatnet shantykor

Om arrangementet

Shantysong, humør og humor, og ikkje minst fengande musikk!

PRIS
- Billett til Suldalsvatnet Shantykor og Ausekarane: 495,-

Burgess & Laurenson = Richard Burgess og Mark Laurenson, kjente og kjære frå Folk på Fredag. Suldalsvatnet Shantykor er ein gjeng som tek den eldgamle, verdskjende tradisjonen for shantysong med seg til Suldalsvatnet. 

Ausekarane lovar eit forrykande show med ellevill humor og fengande musikk. Ausekarane består av: Bjørn Jensen, Tor Endresen, Espen Vågstøl, Svein-Tore Hindenes, Jan Arne Knutsen og Tore Mæle.

- Det er 18 års aldersgrense på dette arrangementet. 
- Dette er eit utandørsarrangement
- Brunsj kafe og uteamfiet opnar klokka 18, medan konserten begynner klokka 20.

Du kan alternativt kjøpe:
- Kulturhusets helgepass for heile helga 2. - 4. juni: 900,-
Då får du med Konsert torsdag, Rune Bjerga + Kvednabekkjers på fredag og Suldalsvatnet Shantykor på laurdag.
- "Full pakke" som gir inngang på alt som skjer her på kultuthuset OG på Ryfylke fjordhotel & Basecamp i kveld, laurdag: 995,-

MAT & DRIKKE
Brunsj kafé har ope frå 18.00:
Mellom 18.00 og 19.30 kan du spise middag inne. Det blir servert gryterett, og me bed om at du bestiller bord på brunsj.bestilling@gmail.com eller ringer 484 48 980. 
Det er utservering av drikke frå klokka 18.00 til kveldens arrangement er ferdig. Me har pølser og snacks på menyen etter klokka 20.