Ryfylkedagane - Rune Bjerga humorshow

Om arrangementet

Er du klar for litt skikkeleg stand-up?

PRIS:
- Ope for alle! Billett: 350,-

Rune Bjerga kjem til Kulturhuset i Suldal på Ryfylkedagane, søkklesst i lynkjappe replikkar, herleg presisjon og treffande spøkar og forteljingar om alt mellom himmel og jord. 
Nå skal du få le til magemusklane tigg om nåde!
Akkurat som humoren har dette arrangementet inga aldersgrense, verken opp eller ned.
Dette arrangementet føregår i uteamfiet vårt. Brunsj kafé med mat & drikke + uteamfiet opnar klokka 18.00. Rune Bjerga begynner klokka 20. 

-> Er du over 18 kan du eventuelt kjøpe <-
- Dagsbillett som inkluderer Bjerga og Kvednabekkjers her på kulturhuset: 495,- 
- "Full pakke" som gir inngang på alt som skjer her på kultuthuset OG på Ryfylke fjordhotel & Basecamp i kveld, fredag: 995,-

MAT & DRIKKE
Brunsj kafé har ope frå 18.00:
Mellom 18.00 og 19.30 kan du spise middag inne. Det blir servert gryterett, og me bed om at du bestiller bord på bestilling.brunsj@gmail.com eller ringer 484 48 980. 
Det er utservering av drikke frå klokka 18.00 til kveldens arrangement er ferdig. Me har pølser og snacks på menyen etter klokka 20.