8

The Cop & the Captain show

The Cop & the captain
Har du høyrt om nokon som kan tre seg sjølv gjennom ein tennisracket! Ikkje det! Vore utsett for tankelesarar? Ikkje det heller! Men denne kvelden kan du – og det i kulturhuset. Då kjem duoen The Cop & The Captain og det blir garantert halvsprekkande gale. The Cop er politimannen som blandar tankelesing og underhaldning. Vidar Hansen har faktisk vore i politiet i 14 år og har jobba m.a. med spaning, etteretning og organisert kriminalitet. Med humor, overraskingar og tankelesing har Vidar Hansen blitt ein ettertrakta underhaldar.
Kva er då greia med The captain? Det er Captain Frodo. Han kjem eigentleg frå Haugesund, men har reist rundt i nær sagt heile verda som «slangemenneske». Den ekstreme fysikken hans har begeistra publikum både i London, Paris og «down under». Han har turnert med verdskjende sirkustruppar og nå kjem han til Suldal. Du vil bli overraska, sjokkert og begeistra. I tillegg er det utruleg morosamt.
Kan ikkje bli anna enn ein topp kveld dette

_
_
_