1

Ryfylkeutstillinga Opning

Ryfylkeutstillinga 2019 har fleire bidrag frå Suldal. Gjesteutstiller er Ellen Kalvig.

Utstillinga er ein inngangsport for alle kunstnarar med tilknyting til Ryfylke. Her gir ein kunstnarane moglegheit til å vere med på ei vandreutstilling i medlemskommunane i Ryfylke Kunstlag. Det er to juryeringsrundar, der andrejuryeringa blir gjort av profesjonelle kunstnarar og kunstkjennarar.

I årets jury var kunstnar Ellen Kalvig og tidligare kulturjournalist i Aftenbladet, Eli Næsheim, Gjesteutstillar denne gongen er Ellen Kalvig, med fire verk. I frå sitt atelier i Suldal, arbeidar ho med maleri og grafikk. Naturen, lyset , veksten og årstidene her gir ho inspirasjon og ro. Utover dette har 21 kunstnarar kome vidare med til saman 27 verk.

Årets Ryfylkeutstilling er ei svært variert utstilling, med mange ulike uttrykk og teknikkar.

_
_
_