Ryfylketeltet - Valkyrien + Pakkers + Geir Halleland

Lørdagsfest i Ryfylketeltet

 

Valkyrien følger opp sin kritikerroste fjerde plate «Farvel slekt og venner»

 

 Valkyrien Allstars fører vidare sitt særeigne lydbilde på det nye albumet sitt. "Prøv å si noe til meg nå" er eit kompakt verk, der så å si all musikk og tekst er laga av Valkyrien. Framleis kan ein høyre det folkemusikalske utgangspunktet bandet er kjent for, men denne gongen blir publikum servert tradisjon på ei seng av akustisk pop-musikk – med ikkje ubetydelige mengder synth. Ein kan til og med dansa til det utan å ha gått på kurs. "pPøv å si noe til meg nå" er Valkyriens femte album. Frå Valkyrien Allstars kom med debutplate si i 2007, eit album som raskt selde til gull, har dei haldt fram med å utforska og utfordra bruken av tradisjonelle instrument og gammel norsk musikk – i eit kontemporært uttrykk. Bandet har vore usedvanlig aktive, og har gjennom 10 år med iherdig konsertvirksomhet utvikla seg til eit solid og leikent liveband som aldri spelar to like konsertar og er i stadig forandring. Det som byrja som ein rein hardingfeletrio har utvikla seg til noko som rett og slett er litt vanskelig å beskrive. Det må opplevast. 

 Valkyrien Allstars er:

 Erik Sollid

Tuva Livsdatter Syvertsen

Martin Viktor Langlie

Magnus Larsen Jr.

 

Pakkers

Det er i år 20 år sidan Pakkers (Matpackers) hadde sin debut. Suldølene kjenner godt til desse karane og Pakkers har ein musikksjanger som passar oss godt for folkefest.

 

 

 

Pakkers har vore velsigna med gode anmeldelsar opp gjennom åra. Dei har reist land og strand og spelt på både små og store scenar, visefestivalar, musikkfestivalar og eigne konsertar.

Geir Halleland

Allerede som 5-6 åring fikk Geir sitt første trommesett, og da var det gjort. Etter trommeslager og vokalist i band som Parece (1980), Sally (1984), S.O.B (1986), Capt.Kane (1990), skiftet han trommene ut med kassegitar og byrja på heiltid som trubadur, og han hadde opptil 180 reisedøgn i året. Allsang og høy partyfaktor vart kjennemerket hans, med re-booking på samtlige plasser. Han spelar både akustisk og ved hjelp av såkalt komp. I 2000 vart han òg medlem i 3 Busserulls, men trakk seg ut i 2005 etter heftig turnèvirksomhet og plateutgivelse. Han tykkjer det er tøft med country og er difor ein av dei få som aleine kan spela på cowboyfestar/dansar, men han foretrekker puber og akustisk gitar. I 1992 gav han ut cd`en ”Never Again” med bandet Frontline, og var m.a på norsktoppen i heile 4 veker med låten ”Darling Blue”! I 1996 var han med SOB på ein CD som heter ”Vorspiel med SOB”, som solgte bra på Vestlandet.

Geir er godt kjent i Suldal og vært på besøk hjå oss mange gonger. Vi gler oss over at han er med oss og lagar folkefest på Ryfylkedagane.

 

 

Helgepass kr 600 kr. for fredag og laurdag.

Muligheter for å kjøpe grillmat og drikke av Kulp hele kvelden.

18 års aldersgrense.

 

Billettar til Ryfylketeltet - Valkyrien + Pakkers + Geir Halleland

  1. Lau 2. jun kl 20:00 395 kr   Ryfylketeltet på Ver Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_