2

Ryfylketeltet - Morning Crows + Plumbo

Fredagsfest i Ryfylketeltet

Fredag

Morning Crows ;

Morning Crows er eit rockeband frå Stavanger som blei starta av Mario Adjemi ( som kjem frå Erfjord) i byrjinga av 2016.

Bandet er inspirert av Guns N`Roses, The Rolling Stones, Jimi Hendrix, Lenny Kravitz,  Stage Dolls og mykje meir!

Mange av låtane blei lagt av Mario på kassegitar,  før bandet blei starta.

Dette gjer at Morning Crows sin musikk høver like godt både akustisk og elektrisk.

Musikken er ikkje berre rett fram!

Ingen songar er like, her får du frå bånn gass rock n'roll til rolege songar, med lange fine soloar!

1.juni vil dei in tillegg til eigen musikk og covra låtar av Stones, Bon Jovi,  Guns N' Roses, og Ingenting

.

 

Plumbo

Plumbo kjenner me for hit'ar som «Bade naken», «Ting på Gli» «Møkkamann»

og «Ola Nordmann». Katalogen av eigenskreven musikk er blitt solid, noko som er upåakta med tanke på at

bandet starta opp som eit rent coverlåt band. Låtane blir skrevne av gitarist og vokalist Lars Erik Blokkhus, med tekstbidrag fra

Glenn Hauger på trekkspill og fløyte. Plumbo blandar sjangrar som folk, boogie, pop, og rock, og musikken blir ofte omtala

som festrock. Tekstene er kvardagslege, folkelege, og har innimellom ein humoristisk tvist.

Musikken er meint for å laga god stemning, om ein er i bil, på fest, eller på jobb.

Plumbo er eit rutinert liveband, med breidde, variasjon og ikkje minst godt «trøkk».

Pur spilleglede, scene entusiasme og allsang, høyrer med på konsertane.

 

Plumbo betår av:

Lars Erik Blokkhus: Vokal og gitar

Tommy Løken Elstad: Bass

Glenn Hauger: Fløyte og Torader

Tor Erik «elg» Knutsen: Trommer

Henning Hoel Eriksen: Keyboard

Gjestemusiker:

Olivia McPeek Dvergsdal: fele

 

 

 

Muligheter for å kjøpe grillmat og drikke av Kulp hele kvelden.

18 års aldersgrense.

_
_
_