Nyttårsfest

19. januar samlast kultur-Suldal:
Nyttårsfest for tredje gong
Alle gode ting er tre, heiter det, og derfor er Suldal mållag stolt over å samla mange av underhaldningskreftene i Suldal endå ein gong til nyttårsfest. Laurdag 19. januar blir dei å sjå på scenen på kulturhuset. Nyttårsfesten følgjer same leisten som tidlegare med innslag frå mange av grendene våre. Og det vert litt av kvart å sjå fram til.
Denne gongen vil Gaute Berge Nilsen kåsera. Det er ikkje mange som kjenner strandstaden Sand og folka som har budd der så godt som han, og publikum vil nok få kjennskap til både spennande hendingar og fargerike personar.
Sand Songarlag vil gje oss korsong, og Elisabeth Litlehamar og Lars Olav Fjetland spelar til oss. Denne hausten har det vore revyar i fleire av grendene våre, og på nyttårsfesten får me smakebitar frå fleire av dei. Revyinnslaga kjem frå Ropeidhalvøya, Jelsa, Erfjord og Suldalsosen. Det er i alle høve sikkert at latteren vil sitja laust denne kvelden. Og det vert nok ikkje så svært alvorleg når Åge Lie vil dela nokre av dikta sine med publikum heller.
Dette skal vera ein bygdefest der også folk i salen får delta. Det vert allsong, og etter programmet spelar Belg og boge med gjester opp til gamaldans. Og svolten treng du heller ikkje gå denne kvelden. Brunsj serverer varmrett, og du kan velja om du vil kjøpa billett der maten er inkludert eller ikkje.
Suldal mållag kan garantera at dette blir ein kveld heilt utanom det vanlege. Her er det nok viktig å vera tidleg ute for å sikra seg billett. Og ikkje minst: Billettar til nyttårsfesten må vera ein av dei beste julegåve-ideane dette året!

_
_
_