1

Niklas frå Patara

«NIKOLAS FRÅ PATARA»
Dette året vil kulturskulen igjen setja opp musikkspelet «Nikolas frå Patara». Det har me gjort tre gonger før, seinast i 2013. Ivar Skippervold har skrive både manuset og musikken. Men i år har Martin Nygaard arrangert musikken på ny for lærarorkesteret.
Spelet handlar om guten Nikolas som vakst opp i byen Patara i Tyrkia på 300 talet. Foreldra var velståande, og Nikolas oppdaga som liten at ikkje alle hadde det så godt som han. Dermed begynte han dela med andre barn. Som vaksen blei han både prest og biskop. Og etter sin død blei han gjort til helgen. I mange land blir framleis dødsdagen hans, 6. desember markert. I Nederland blir han kalla Sinterklaas, som igjen er opphavet til den engelske Santa Claus og vår julenisse.
Alle elevane og lærarane er engasjerte i spelet. Kunstelevane arbeider med scenedekorasjonen, dramaelevane som skodespelarar og alle musikkelevane syng i eit stort kor, mens musikklærarane utgjer orkesteret.
Velkommen!
100 kr. For vaksne. Barn under 16 år gratis.

_
_
_