1

Magiens verden - Daniel Larsen trylleshow

Gjensyn med magikaren Daniel Larsen. Sist han var i Suldal fekk han ei jente til å sveva på scena! Bli med inn i magiens verd i dette spektakulære familieshowet.

Magiens Verden er eit show fullt av magi, humor og overraskelsar for heile familien, eit show med høg kvalitet og eit enormt engasjement frå publikum. Eit show som får barna til å hyle, skrike og le før dei blir stille av forundring over det magiske som har skjedd. Eit show der små og store blir med på scenea og delaktig i det magiske som skjer.

Daniel Larsen er ein av Norges aller fremste magikarar og illusjonistar.

Han har jobba som profesjonell artist i over tjue år – og med over 1000 framsyningar dei siste fem åra er han den mest produktive magikaren i landet.

Daniels varemerke er kvalitet og god kontakt med publikum. Showa hans kjenneteiknast av humor, spenning og magi som fjetrar publikum. Daniel har gjort fleire TV-opptredenar og har stått på fleire av dei største scenene i både inn- og utland, i Danmark, Sverige, Tyskland, England, Skottland, Afghanistan og USA.

Billettar til Magiens verden - Daniel Larsen trylleshow

  1. Lau 9. nov kl 13:00 150 kr   Storsal Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_