1

I denne Søde Juletid - Åshild Vetrhus

”I denne søde Juletid” er ein annleis julekonsert. Ein får høyra tradisjonelle julesalmar frå Rogaland.

  • Kafeen er open frå 14 til 16
  • Konserten begynner kl 16

Somme av salmane er slike vi framleis brukar i jula, men gjerne med andre melodiar, andre er i ferd med å gå i gløymeboka. Her er salmar med innfløkte melodiske vendingar og forsiringar, og her er salmar med meir enkel melodiføring. Publikum får høyra snodige, snirklete julesalmemelodiar med alderdomlege og høgtidsstemte julesalmetekstar i ein varm samklang med piano, keyboard og klarinettar. Dei tradisjonelle julesalmane frå Rogaland får eit nytt ansikt, blir løfta og fylte med godlyd på deira eigne premissar. Salmane er henta frå heile Rogaland, frå Egersund i sør til Suldal i nord. 

MEDVERKANDE:
Åshild Vetrhus - folkesong
Andreas Ulvo - piano, tangentar
Morten Barrikmo - klarinettar

Foto: Ingvil Skeie Ljones

BAKGRUNN:
I Folkemusikkarkivet for Rogaland finst det mange lokale variantar av dei gamle julesalmane. I 1999 vart størstedelen av desse utgitt i bokform; ”Den yndigste Rose - Julesalmar frå arkivet” (red. Ruth Anne Moen, Folkemusikkarkivet for Rogaland, Ryfylkemuseet). Det vart gjort grundige transkripsjonar og det vart produsert ein cd som følgjer boka. Her kan ein lytta til arkivopptaka som transkripsjonane byggjer på, og der det manglar opptak er det gjort nye innspelingar med utøvarar frå Rogaland av i dag.

OM MUSIKARANE:
Åshild Vetrhus (1978), folkesongar frå Suldal i Rogaland, utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell i ulike soloprosjekt og prosjekt saman med Andreas Ulvo og Russudan Meipariani (Georgia/Tyskland). Åshild var med som utøvar på innspelinga til Den yndigste Rose i 1999.
Morten Barrikmo (1979), klarinettist frå Kongsberg utdanna ved Norges musikkhøgskule. Aktuell m.a i Oslo Sinfonietta, Trondheim Jazzorkester, Det Norske Blåseensemble og BIT20 Ensemble.
Andreas Ulvo (1983), pianist, keybordist og komponist frå Eidsskog utdanna ved Norges musikkhøgskole. Aktuell m.a. med Mathias Eick Quintet, Eple Trio, Karl Seglem Acoustic Quartet, Silje Nergaard, Ellen Andrea Wang og duokonseptet Innlandet med Ingrid Olava.

Morten og Andreas er allsidige og kompromisslause musikarar som skaper unike, flyktige klangbilete, men likevel så levande og vakre. Inn i desse klangbileta virvlar den klåre, inderlege stemma til Åshild seg inn, og ho formidlar dei tradisjonelle salmane med nerve og personlegheit.

OM KJELDENE:
Kjeldene me nyttar er:
Enok Olsen Vestre, Skjold (1882 -1971)
Ola Olsen Fagerheim, Sauda (1893 - 1977) Martin Seljeskog, Strand (1862 - 1933)
Per Vetrhus, Suldal (1875 - 1960)
Jørgen Skjæveland, Bjerkreim ( 1906 - 1994) Theodor Dahl, Time (1886 - 1946)
Jon Vetrhus, Suldal ( 1853 - 1932)
Ingolf Ytreland, Karmøy (1895 - 1979)
Kristine Tjøstheim, Suldal (1833 - 1924) Ingeborg Katrine Valand, Egersund (1876 - 1959)

SJÅ OG HØYR:

NRK TV Rogaland gjorde opptak frå konsert i desember 2015 med Åshild og Andreas, og det vart laga innslag som vart sendt på radio og TV. TV-opptaket ligg framleis tilgjengeleg her:

https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-rogaland/DKRO99121015/10-12-2015#t=8m48s

Billettar til I denne Søde Juletid - Åshild Vetrhus

  1. Søn 8. des kl 16:00 250/150 kr   Allrom Les meir Kjøp
Vis hele programmet
_
_
_