1

Fotoutstilling Ronny Østnes Utstillingsopning

For første gong har Ryfylke Kunstlag gleda av å visa fram ei fotoutstilling. Utstillinga opnar i Allrommet i Kulturhuset 21. September. Det vert musikk ved Distriktmusikarane.

For første gong har Ryfylke Kunstlag gleda av å visa fram ei fotoutstilling. Utstillinga opnar i Allrommet i Kulturhuset 21. September. Det vert musikk ved Distriktmusikarane.

Fotograf Ronny Østnes har i over ti år reist til Roma og Venezia for å vere der med heile seg. I desse møta med kunsten, arkitekturen, historia, mystikken, og det åndelege som susar i veggene, har han ofte tenkt at i dag fotograferer eg ikkje. Det er viktig å berre ta inn, og la kamera liggje i sekken. For å klare å fotografera, er det noko som er absolutt nøvendig, meinar fotografen sjølv. Det er heilt avgjerande å få kjenne på kor ein er. Kvar reise har sakte, men sikkert, bygd opp til utstillinga som denne hausten vandrar gjennom 7 kommunar i Ryfylke. Det 70 år gamle kamera er som vanleg med Ronny på hans større prosjekter. Med dette fangar han langsamt, på sin meir og meir eigenarta måte, noko sjeleleg som ikkje alltid kan forklarast. Det vert og loddsalg på eit av Østnes sine bilder. Kontant og vipps.

Billettar til Fotoutstilling Ronny Østnes Utstillingsopning

Vis hele programmet
_
_
_