2

Folk på Fredag: Per Anders Buen Garnås & Alexander Røynstrand

Lokal artist er Kari Vaage Gjuvsland, medan langreiste artistar er duoen Buen Garnås & Røynstrand.

Kari Vaage Gjuvsland:

Kari Vaage Gjuvsland kjem frå Vaage ved Suldalsvatnet. Ho er kjend for alle som politikar i sentrale verv, men dei fleste kjenner henne også som ei som syng og alltid har vore glad i å syngja. Kari song mykje med og for bestemor si då ho var lita, og slik ga bestemora henne songgleda i gåve. I vaksen alder lærte ho seg mange lokale songar henta frå m.a. Folkemusikkarkivet for Rogaland på Ryfylkemuseet, og saman med Ruth Anne Moen fekk ho vera med å formidla desse gjennom ulike prosjekt. Kari har ein veslebror som er glad i å syngja, og i kveld blir Arild Vaage med syster si på scena for å fortelja om songane, og for å syngja litt med. (Foto: Esther Moe)

 

BUEN GARNÅS/RØYNSTRAND:

Per Anders Buen Garnås (hardingfele), Alexander Olavson Røynstrand (hardingfele)

Den eine er yngre enn den andre. Den eine lyg og den andre ler. Den eine er verdas beste på hardingfele det eine året, og den andre er verdas beste på hardingfele det andre året. Her har me skrapa saman noko av det beste verda kan by på når det kjem til vakkert spel på hardingfele. Sjølv om desse to også er verdsmeistrar i tullprat og sleivspark, er det ikkje ein konsertkveld for pyser. Her blir det musikk rett inn til beinet, rett fram og utan innpakning. Per Anders Buen Garnås kjem frå Bø i Telemark og byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen. Han har vunne Landskappleiken fire gongar, seinast i 2018. Alexander Røynstrand kjem frå Granvin. Han byrja å spela med Knut Hamre i kulturskulen då han var 7 år gamal. I 2019 vann han Landskappleiken for fyrste gong. (Foto: Eivind Kaasin og Knut Utler)

"Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!"

Folk på Fredag - konsertserie med folkemusikkfavorittar

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til folkemusikk-favorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.

Fem fredagar i året presenterer me ein-to ulike artistar; ein kortreist og gjerne sjangeruavhengig + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.

Brunsj har ope, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Folk på fredag blir arrangert av: Ryfylkemuseet, Brunsj as og Kulturhuset i Suldal.

_
_
_