2

Folk på fredag: Morgonrode + Kristin & Kristin

Kristin & Kristin:
Kristin Sandvik
(fløyte, piano, song), Kristin Bringsaker Kleppa (flygelhorn, song)

 

Kristin & Kristin har vore ein duo i ca 10 år, første tida ilag i kvartetten Ryfylkeklang, men seinare år har det vore berre dei to. Kristin Bringaker Kleppa frå Årdal har utdanninga si frå konservatoriet i København som songar/trompetist og Kristin Sandvik frå Erfjord er utdanna trombonepedagog frå Norges musikkhøgskole. Duoen liker godt å spela på fleire instrument på konsertane sine, og repertoaret er også variert. For Folk på fredag stiller dei iallfall med nokre folketonar, men heilt sikkert med andre godbitar innimellom!

 

MORGONRODE: https://morgonrode.wixsite.com/minside
Selma French Bolstad (nyckelharpe, feler, vokal), Helga Myhr (hardingfele, vokal), Rasmus Kjorstad (oktavfele, fele), Fredrik Luhr Dietrichson (kontrabass) og Andreas Winther (trommer, perkusjon)

Musikarane i Morgonrode kjem frå Hallingdal, Follo, Gudbrandsdalen, Haugesund og Ålesund. Med eit rått og ærleg utrykk eksperimenterer Morgonrode med tradisjonell og improvisert musikk. Bandet har spelt saman sidan 2015 og har vore å høyra på fleire av dei store folkemusikkscenene og -festivalane i Noreg. Repertoaret til bandet spenner frå springar og gangar til salmar, viser og bånsullar. Det er det særeigne i musikken; tonaliteten, rytmane og klangen, som pirrar musikarane. Musikken er energifull, tankefull, drivande, vár og utforskande.

Dei tradisjonelt skulerte musikarane tar alle triksa i boka i bruk, når kammermusikk, strykekvartettar, tradisjonelt slåttespel, vare folketonar og improvisasjonar smeltar saman til ein overjordisk lyd som berre kan kallast morgonrodersk. Morgonrode er ein eldre skrivemåte for «morgonrauda», den raude himmelen ved ein soloppgong. Kanskje det er den lysande, raude soloppgongen, som lokkar fram ro, glede, gråt. Morgonrode kan vera noko meir enn folkemusikk òg, eit samspel som makrellskyer på den raude morgonhimmelen, liketil delikate soloar, sterke melodiar og god formoppbygning som ber låtane fram. Det er musikk du har gått og venta på utan å eigentleg vita det, og når du først høyrer Morgonrode så fell bitane på plass.

 

 

Sagt om Morgonrode sitt debutalbum:

“... noe av den mest spennende og medrivende norske musikken man kan høre for tiden, der fem fremragende unge musikere kjent fra forskjellige sammenhenger finner frem til et fengende og vellydende lydlandskap der kammermusikk, jazz, pop, impro og ukjente vekster gror side om side ...“

(Audun Vinger, Dagens Næringsliv 11.05.2019)

 

“... Morgonrode dissekerer uttrykk, stemninger, tradisjoner, konkretiserte minner og alt dette udefinerte som gir seg til kjenne når folkemusikken dekonstrueres til de minst tenkelige partiklene. Resultatet er fascinerende rått og innovativt medrivende og uhøytidelig.”

(Mode Steinkjer, Dagsavisen 10.05.2019)

_
_
_