2

Folk på Fredag: Gjertruds sigøynerorkester m/Elias Akselsen

Lokal artist er Veerle Haug Tieghem, langreiste artistar er Gjertruds sigøynerorkester m/Elias Akselsen.

 

Veerle Haug Tieghem

Veerle Haug Tieghem er distriktsmusikar i Suldal, og har vore det i åtte gode år. Ho er utdanna klassisk pianist frå musikkonservatorium i Belgia, men trakterer også trekkspelet, og denne vårkvelden er det dette instrumentet me får høyra. Veerle kjem frå Belgia, men i Suldal er ho heime. Det er heile Suldal glad for!

 

GJERTRUDS SIGØYNERORKESTER M/ELIAS AKSELSON

Gjertrud Økland (fiolin), Georg Reiss (klarinett, tárogató), Tom Karlsrud (trekkspel), Pål Thorstensen (kontrabass), Trond Villa (bratsj), Helene Waage (cello, song), Ernest Bangó (cimbalom), Elias Akselsen (song, gitar).

Gjertruds Sigøynerorkester er kjend som eit fyrverkeri av eit live-band. Sidan 1989 har dei spesialisert seg på aust-europeisk sigøynar­musikk frå Russland, Romania og Ungarn. Gruppa har tileigna seg musikken i direkte møte og samarbeid med musikarar i Budapest. Aust-europeisk sigøynarmusikk er prega av brå skifte, frå sår melankoli til fyrige danserytmar. Denne kvelden får me eit musikalsk møte mellom to slektningar; sigøynaren og tateren. Elias Akselsen er ein musikar med bakgrunn frå dei reisande. Med den klåre og inderlege røysta si er han den fremste representanten for musikken til romanifolket i Noreg. Saman gir Elias Akselsen og Gjertruds Sigøynerorkester publikum sterke framføringar som spenner frå det vare og såre til lidenskap og begeistring!

"Arbeidsfolka, fredagspolka, klare for helg!"

Folk på Fredag - konsertserie med folkemusikkfavorittar

Folk på fredag er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til folkemusikk-favorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus.

Fem fredagar i året presenterer me ein-to ulike artistar; ein kortreist og gjerne sjangeruavhengig + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger.

Brunsj har ope, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

Folk på fredag blir arrangert av: Ryfylkemuseet, Brunsj as og Kulturhuset i Suldal.

Billettar til Folk på Fredag: Gjertruds sigøynerorkester m/Elias Akselsen

Vis hele programmet
_
_
_