Familiekonsert med Papegøyene

Korleis vil den kjende songen «Bjørnen sover» høyrast ut i Brasil?
Fredag 20 april reiser me i lag med Papagøyene ut i den store vide verda for å høyra korleis Bjørnen sovnar i bossanova-takt!
Får Trollmor sine elleve små troll lagt seg til ro, når me høyrer lydane i frå jungelen? I sambatakt sovnar dei og etterpå kan Trollmor og Trollfar ta seg ein dans.
Bandet Papagøyene spelar kjende barnesongar ikledd nye rytmer. Her svingar det godt både hjå bandet og hjå Nøtteliten. Gruppa har perkusjonist og vokalist Asbjørn Sundal i spissen og han formidlar godt forskjellen på samba og bossanova og om landa kor dei forskjellige stilartane kjem i frå.
Ei kjempeflott musikalsk oppleving for store og små. Kom da vel!

_
_
_