Kva finn du her?

Kulturhuset i Suldal er eit stort og innhaldsrikt bygg med eit flott ute-amfi som me er veldig stolte av. Her ser du kva me har å by på:

uteamfi

Storsal
Til kino, teater og konsert. Salen har amfiteater med sitjeplass til 256 personar. Dette kan vi utvide til 300 sitjeplassar. Amfiet kan flyttast på, og då frigjer me golvplass til 450 personar. Salen blir brukt til kino, teater, konsert, utstilling, konferansar, bankett og andre arrangement med stort publikum.
Salen har lydanlegg med Dolby Digital Surround til filmframsyningar. Kulturhuset har og moderne lyd- og lysanlegg for ulike sceneaktivitetar. Scena i Kulturhuset er bygd etter Riksteateret sine retningsliner.

Allrommet
Det store, lyse allrommet eignar seg godt til lokale for kunstutstillingar og mindre kulturarrangement. Dette rommet blir også mykje brukt som møtelokale, og kan passa til møte for opptil 256 personar. Me har videoprosjektør, AV-materiell inkl. dvd-spelar, lydutstyr, flip-over tilgjengeleg. 

Amfiet
På baksida av kulturhuset ligg det flotte uteamfiet vårt. Amfiet ligg på 1000-årsplassen vår, og det kan brukast som scene og som sitjeplass. På fine dagar kan du ta kaffikoppen og kakebiten med deg ut i utekafeen i 1000-årsplassen og nyta han der.

Foajeen
Foajeen er hjarta i kulturhuset og inngangen til dei fleste aktivitetane her. Kafé Brunsj ligg i foajeen på kulturhuset og er det første som ønskjer deg velkommen når du kjem inn. I foajeen finn du også billettskranken vår, inngangen til biblioteket – og somme gonger er foajeen vert for mindre tilstellingar. I sofakroken i foajeen vår finn du alltid ferske aviser og anna godt lesestoff som du kan setta deg ned med.

Kulturskulen
Elevane i kulturskulen øver for det meste her på kulturhuset. Dei tilsette har også kontora sine her. Kulturskulen er med og held kulturhuset levande og livlig.

Biblioteket
I det store og romslige biblioteket vårt kan du låna lesestoff, filmar og dvd-ar. Bibliotekarane våre kan hjelpa deg med å finna det du treng, anten det er den finaste barneboka, det nyaste magasinet eller bøker av lokale forfattarar. Me skaffar sjølvsagt bøker me ikkje har sjølv. Me har også datamaskiner som du kan bruka, og eit stillerom for deg som treng litt ekstra ro i lesinga. Du kan levera bøker du har lånt i postkassen utanfor huset og bokkassen i foajeen. 

Møterom
Det er fleire rom som kan brukast til møteaktvitet i kulturhuset. Ta kontakt, så lagar me eit opplegg til dykk.

_
_
_