7

Tilbakeblikk - Løvenes konge

Me ser tilbake på eit høgdepunkt frå sommaren 2019: prosjektet Løvenes konge - Modig som ei løve.

Me på Kulturhuset i Suldal er så glade og takknemlige for alle som var med og gjorde at dette vart ei oppleving me seint vil gløyme. 

Modig som ei løve

For oss var det viktig at prosjektet sette varige spor etter seg. Det ønska me å få til ved å løfta temaet frå filmen og å involvera stemmer frå Suldal. Slik vart videoserien Modig som ei løve til.

Her utfordra me fem suldøler til ein samtale om mot og styrke. Temaet var sjølvsagt ikkje tilfeldig valt. Det er jo dette som er gjennomgangstemaet i filmen Løvene konge: Korleis skal Simba greie å finna mot og styrke til å ta opp kampen med den onde Svar? Tuva, Lars Arne, Nenad, Bonolo og Oda hadde ulike syn på dette med mot, og delte raust med både tankar og erfaringar. Videoane ligg på Facebooksida vår. og du finn dei ved å trykke på namnet til den enkelte. 

Modig som ei løve - Nenad

Kulturskulens eigen biletkunstlærar Nenad var ein av dei som snakka om mot og styrke i videoserien vår. Foto: Kulturhuset i Suldal

Løvenes konge

Live action-filmen Løvenes konge er altså ei nyinnspeling av animasjonsfilmen frå 90-talet. Filmen fekk massiv omtale i vekene før premieren, og me hadde premiere dagen etter Norges-premieren.* Me lada opp heile dagen med kjekke aktivitetar på Torjå:

Det var ansiktsmaling og gratis vaffel på pinne til alle som kom. Birgith Nerheim og Martin Nygård Haug hadde konsert med "modige songar", og frå Stavanger kom Rogaland Trommelom og hadde trommeworkshop både på Torjå og på huset. Kafeen vår, Brunsj, hadde stelt til med fantastisk buffet med sørafrikansk mat. Trommelom holdt fram me workshop, og Birgith og Martin hadde ein minikonsert her oppe. Kvelden vart avslutta med to framsyningar av Løvenes konge, og det var nesten full sal på begge!! 

Birgith Nerheim

Birgith Nerheim song modige songar under arrangementet Løvenes konge på Sand. Foto: Kulturhuset i Suldal

Me takkar 

Dette prosjektet hadde ikkje blitt til utan god hjelp frå flinke folk. Først og fremst dei fem flotte som var med i videoserien vår. Disney Norge støtta oss med tilskot til prosjektet. Og som alltid: Utan de som kjem og er med og feirar og festar med oss hadde det ikkje blitt nokon fest! 

* Mange trur at kinoane "på landet" ikkje får ha premiere samtidig med dei store kinoane i byane. Det er lenge sidan det var slik. Nå får alle kinoar som jobbar med same system ha premiere på likt. Det betyr at me har premiere i same veke som alle andre kinoar i landet. Men sidan me har faste kinodager på torsdag, laurdag og søndag, kan det nokon gonger vera at me har premiere ein dag og to etter det store premieresleppet. 

_
_
_