4

- KORPS er det største me har vore med på

Dirigent Andreas Nielsen er ikkje i tvil. Å få vera med på framsyninga KORPS i regi av Haugesund Teater er ikkje kvardagskost for korpsa i Suldal.


Så kva er eigentleg dette KORPS som me er så opptekne av på Kulturhuset i Suldal for tida? Jo, det er eit teaterstykke som Knut Nærum har skrive, og som Haugesund Teater nå turnerer med. Stykket er ei hylling til korpslivet og alt det fører med seg av samhald, dugnad, gleder og frustrasjonar. Det spesielle med denne turneen er at Haugesund Teater har eit lokalt korps med seg på kvar spelestad.

Heile Suldal i Korps

Det er altså dette eit førtitals korpsmusikantar i Suldal øver til nå om dagen! Dette er musikantar frå Erfjord, Ropeidhalvøya, Sand og Suldal. Å smelta saman fire ulike korps til eitt høyrest krevjande ut, men når me får vera floge på veggen på ei øving, så let det altså imponerande samkøyrt! Dirigent Andreas kan fortelja at musikken dei skal spele er valt ut i samråd med Haugesund teater. Og då har han lagt vekt på å velja låtar han veit korpsa har eit forhold til frå før.

Øve, øve jamt og trutt

Musikantane har hatt to øvingar i lag, og elles øvd på kvar sine plassar, fortel Andreas vidare. Men skodespelarane frå Haugesund Teater får dei øva med først på speledagen, den 30. november. Og dette blir dagen for epålettar og strame skjermar – alle stiller sjølvsagt i uniform på scena.

Tenk så kjekt viss heile Suldal gjekk mann av huse for å sjå kjende og kjære på scena med Haugesund Teater og KORPS!

Har du lyst? Då er det nå du skal gjera det: Her finn du alt om stykket KORPS og lenke til billett-salet. Kjøp veldig gjerne billettar på førehand, så får du akkurat den plassen du vil ha.

Minner også om at Brunsj også har ope fra 11 og heilt fram til KORPS begynner klokka 19.

 

_
_
_