Haustferien 2019 på kulturhuset

Skal du vera i Suldal i haustferien? Kanskje du er på hytta - og har lyst til å finna på noko ekstra kjekt. Då har me mykje å by deg. Legg turen nedom Sand sentrum og få med deg alt som skjer.

 

Her er ting du kan gjera på Kulturhuset i Suldal i haustferien:

For dei minste - Askeladden og Gullfuglen 

Det har vore mykje snakk om Askeladden i år, og i haustferien viser me det strålande teaterstykket Askeladden og Gullfuglen. Dette er teater for dei aller minste! Ned til 2 årsalder kan dei vera, seier Askeladden friteater - sm altså står bak denne framsyninga. Teateret går tysdag 8. oktober klokka 17. Det varar i 40 minutt. Kafeen har ope frå klokka 11 til 17 denne dagen.
Meir om og billettar til: Askeladden og Gullfuglen

Kino, kino, kino!

Ingen haustferie utan kino. Me viser filmar kvar dag, unntatt fredag 11. oktober. Me viser Kaptein Sabeltann, Tor Story 4, Joker, Den vesle vampyren, Askeladden i Soria Moria Slott, Brillebjørn på ferie, Den avskyelige snømannen og Wild Rose.
Alt om tid og stad + billettar finn du her på kinosida vår. 

Det Betales - Best of Beatles

Verdas beste Beatles-tributeband kjem til Suldal i haustferien. Gler me oss til det? Ja! Fredag kveld med tapas og bar i kafeen og Det Betales i storsalen - det blir garantert kjempestemning! Vil du booka bord til tapas, ringer du Brunsj på 484 48 980. Kafeen opnar kl. 18.
Billettar til Det Betales finn du her.  

Kafeen har ope

Kaffi og fersk heimebakst, suppe, salatar, varmrettar ...  Brunsj har sjølvsagt ope i haustferien: Måndag-laurdag 11-15, tysdag langope 11-17, torsdag langope 11-18. Og så er kafeen ope frå 18 før Det Betales. 
Meir om Brunsj kafe

Bowling

Bowlingen har ope som vanlig + laurdag i haustferien. Opningstider for bowlingen er slik at du kan kombinere det med kino, besøk på biblioteket og ein tur i kafeen.
Opningstidene til bowlingen finn du her.

 

Kom på biblioteket - få ei bok!

"Hele Rogaland leser" er eit leseprosjekt der biblioteka i fylket deler ut ei gratis bok. I år er dette boka Skamløs, og den får du sjølvsagt også på Ryfylkebiblioteket på Kulturhuseti Suldal. Opningstider for biblioteket i haustferien 2019 er:

  • Måndag, tysdag og onsdag 10.00 - 16.00
  • Torsdag 10.00 - 18.00
  • Fredag og laurdag 10.00 - 15.00

Her er Ryfylkebiblioteket i Suldal

Velkommen til Kulturhuset i Suldal!

_
_
_