Kulturskule

Me er veldig stolte over kulturskulen vår i Suldal. Me vil gjera alt me kan for at du skal få eit godt tilbod!


Du kan gå på kulturskulen her på kulturhuset, men somme fag får du undervisning i der du bur eller på skulen din. Vaksne kan også gå i kulturskulen, men barn får plass først.

SØK PLASS i kulturskulen

Dette kan du læra i kulturskulen vår:

Musikk
Hjå oss kan du læra å spela på tangentar, trekkspel, gitar, bassgitar, messinginstrument, fiolin, cello, hardingfele og slagverk. Me kan også læra deg song.
Alder: Frå 8 år, eller yngre viss me greier gje eit skikkeleg tilbod.
Stad: I heimbygda di, eller på kulturhuset

Drama
Likar du å spela teater? Drama er for deg som har lyst til å spela og leika deg på scena. I drama jobbar me med teater og rolleleik. Du får læra improvisasjon, som betyr å spela utan manus. Du får også læra å gjera musikk, bilete og tekst til spel. I drama bruker me kropp, stemme og ulike hjelpemiddel som dokker, masker og skugge. Me jobbar i grupper.
Alder: Frå og med 2. klasse.
Stad: Kulturhuset

Biletkunst
Blyant eller pensel? Raudt eller grønt? Uansett kva farge du likar, kva form du har sans for: I løpet av eit år i med biletkunst får du lære meir om fargar og kva dei kan gjera med det du skapar. Du vil få lære både teikning og måling.
Alder: Frå 10 år.
Stad: Kunstsmia


Kulturskuletimen
Veit du ikkje heilt kva du vil velja i kulturskulen? Har du lyst til å læra litt om alt me kan tilby? I kulturskuletimen får du prøve både musikk, drama og biletkunst.
Alder: 1. til 4. klasse
Stad: Skulen din
Tid: Ein time i veka i åtte veker, innafor SFO-tida

_
_
_