Konsert med Bjørn Eidsvåg med band

Om arrangementet

Konsert med Bjørn Eidsvåg og bandet hans

Bjørn Eidsvåg gjer som han lova - nå kjem han til Suldal i mars!
Med seg til Suldal har han sitt fremragande band og ein rikhaldig katalog med kjente og kjære låtar.
Med 28 album og ei ekstraordinær formidlingsevne har Bjørn Eidsvåg opparbeidd seg ein heilt unik posisjon i norsk musikkliv. Han har skrive ei rekkje udødelege låtar som fleire generasjonar av nordmenn har eit sterkt forhold til. Han er ein songar og ein historieforteljar som publikum vender tilbake til år etter år. Ein konsert med Bjørn Eidsvåg er ei oppleving som eignar seg like godt i Oslo Spektrum som i kyrkjer og kulturhus.
 
Kafé Brunsj har restaurant med mat og drikke før konserten. Meny og bestilling kjem om litt.