Ryfylkedagane - Konsert med Distriktsmusikarane og Amelie Aldner

Om arrangementet

Velkommen til ein utekonsert med Distriktsmusikarane i Ryfylke med gjester & Amélie Aldner.

Få med deg ein original popkonsert med store sprang - frå Edith Piaf og Adele Adkins, til nyskrivne låtear av Amelie Aldner sjølv!

Programmet er skreddarsydd for ein stemningsfull utandørskonsert i juni. 
Musikken er nøye utvalt av Amélie Aldner, som vil guide publikum gjennom kvelden. Denne kvelden får du høyre kjente poplåtar frå ulike tiår, men også ein del av Amelie sine eigne låtar, som ho vil framføre åleine, og i samspel med Xenia, Benedicte og Emma. 

Song og piano: Amelie Aldner
Fiolin: Xenia Berkova
Cello: Benedicte Aarsland
Klarinett: Emma Pountney

MAT & DRIKKE
Brunsj kafé har ope frå 18.00, med smørbrød/kanaper og noko godt i glaset.

PRIS
- Du kjøper nå enkeltbillett til konserten: 250,-

Du kan alternativt:
- Kjøpe helgepass for heile helga 2. - 4. juni på kulturhuset: 900,-
Då får du med Konsert torsdag, Rune Bjerga + Kvednabekkjers på fredag og Suldalsvatnet Shantykor + Ausekarane på laurdag. Det er 18 års aldersgrense på ein del av arrangementa.