Julekonsert Moddi
Billetter
Om arrangementet
Pål Moddi Knutsen er for mange kjent som sjølve julestemma, etter at den unge senjaværingen i 2011 vart handplukka av kronprins Haakon til å synge Nordnorsk julesalme under Slottets julekonsert.
Sidan har Moddis songar blitt allemannseige i dei tusen heimar. Til vinteren gir Moddi ut sitt første ordentlege julealbum, med kommande klasarar for juleelskarane blant oss – og for dei som har eit mer avmålt forhold til desembermånaden.
Moddi i Suldal
"Sjølv har eg vanskeleg for å finne roen i alt stresset og forventningspresset" fortel Moddi om det kommande albumet. "Eg ville lage ei juleplate som er meir jordnær, meir om det eg skulle ønske jula handla om. Om å finne tilbake til kvarandre etter eit langt og hektisk år. Om å puste ut og høyre til der du er. Eg trur det er fleire enn berre eg som treng det."
På scena:
Pål Moddi Knutsen (gitar, trekkspel, song)
Katrine Schiøtt (cello, song)
Sverre Laupstad (piano, song)
Kafe Brunsj har ope frå 17.00. Meny: Kyllingsnitzel m/ båtpotet og salat. Wagyu + hjorteburger m/ båtpotet. Det anbefalast å reservere bord: brunsj.kulturhuset@gmail.com