Førjul på kulturhuset

Me tel ned til jul med gode julefilmar, opning av peparkakelandsby, teater og konsertar!

La kulturhuset ta deg med inn i den mørke, fine førjulstida med mange kjekke arrangement:

Snekker Andersen 

24. NOVEMBER 17.30, KINO: Snekker Andersen og Julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul

Ei ny juleforteljing frå universet til Alf Prøysen, ein av våre mest kjente og kjære forfattarar. Snekker Andersen og Julenissen er tilbake og denne gongen må dei hjelpe vesle Elise med å redde jula før det er for seint.


Last Christmas

24. NOVEMBER 20.00, KINO: Last Christmas

Romantisk komedie ledsags av eit herleg soundtrack med songene til George Michael og Wham. Her kan Love Actually få konkurranse!


Peparkakeby

30. NOVEMBER frå 12.00 - Opning av peparkakelandsby & juleutstilling

Laurdag er det klart for den tradisjonelle opninga av peparkakelandsbyen på kulturhuset! Kom og sjå alle det flotte folk har laga. Offisiell opning kll. 12.00. Klokka 13:00 opnar Suldal kunstlag si namngjetne juleutstilling. Seinare på dagen er det fakkeltog og tenning av julegrana på Torjå!


KORPS

30. NOVEMBER 19.00 - KORPS

Endeleg er det klart for KORPS! Haugesund teater på scena - saman med eit stort felleskorps for heile Suldal. Dette må du få med deg. Kom og heia på alle kjekke korpsfolka me har i kommunen :)


Pippi feirer jul

1. DESEMBER 17.00 - Pippi feirer jul

Feir første søndag i advent med Pippi Langstrømpe! Denne flotte  barneteaterframsyninga frå Chat Noir tek nå turen til Suldal. Familiemiddag på Brunsj frå 15 til 17. Pippi begynner 17.


I denne søde juletid

8. DESEMBER 16.00 -I denne søde juletid - Åshild Vetrhus

”I denne søde Juletid” er ein annleis julekonsert. Ein får høyra tradisjonelle julesalmar frå Rogaland. Kafeen er open frå 14 til 16. Konserten begynner kl 16.

 


_
_
_