Folk på fredag - Perleskum og lokalartist Erik Aldner

Billetter

Om arrangementet

FOLK PÅ FREDAG sesong 4 er ein konsertserie med folkemusikkfavorittane til Mark Laurenson, Tove Solheim og Åshild Vetrhus. Fem fredagar i året presenterer me ulike artistar; ein kortreist og sjangeruavhengig + ein folkemusikkartist som kan ha reist noko lenger. Brunsj opnar kafé og bar, og etter konsertane er det jam og dans mot dei små timar.

PERLESKUM www.perleskum.no
Jorun Marie Kvernberg (fele, hardingfele, song og komposisjonar), Unni Boksasp (folkesong, zitter), Lars Andreas Haug (tuba), Dag-Filip Roaldsnes (piano) og
Aasmund Olavsson Vinje (skarp penn)

To folkemusikarar og to jazzmusikarar leikar seg med nye tonar til Aasmund Olavsson Vinje sine evig unge ord. Tuba-virtuosen Lars Andreas Haug ertar den kvikke nordmørs-stemma til Unni Boksasp opp i nye høgder. På svarte og kvite tangentar loddar Dag-Filip Roaldsnes djupet, medan komponist og felespelar Jorun Marie Kvernberg auser på, opp og fram med boge og streng. Dei ettertrakta musikarane har kvar for seg og i ulike konstellasjonar mangfaldige plateutgjevingar, fleire Spellemannsprisar og ei imponerande merittliste. Her kan me venta oss energi, presisjon og formidling på eit nivå som ristar litt i deg og klarnar tankane dine. Og det svingar som berre tusan. «Tittelsangen Perleskum (...) hadde vært en radiohit i en ideell verden» - Geir Rakvaag om debutalbumet i Dagsavisen.

 

Erik Aldner (saxofon)
Erik Aldner er utdanna saxofonist og dirigent frå Norges Musikkhøgskule. Som utøvande saxofonist har han eitt bein solid planta i den klassiske tradisjonen, og det andre dansande mellom jazz, impro og pop. Denne kvelden tek han lyttarane med innom til dei personlege favorittstadene sine i det musikalske landskapet. Erik har ganske nyleg flytta heim til Suldal med familien på fem, og driv utanom musikken med produksjon av berekraftige møblar i norsk-skandinavisk design.