Folk på fredag - Lady Hardanger og folkemusikk/danskavalkade

Om arrangementet

Folk på fredag er denne helga del av Ryfylkefestival for kultur og tradisjon.

Festivalen rommar mellom anna Folkemusikk- og dansehelga på Mo Laksegard, der rogalendingar møtest for å lære seg nye triks og ferdigheiter på ulike folkemusikkinstrument og på dansegolvet. I kveld får vi sjå og høyre litt kva alle desse folka driv på med. Det blir song, spel og dans!

Lady Hardanger
Ingeleiv Berstad (vokal, fele), Anne Lise Frøkedal (vokal, gitar), Olav Christer Rossebø (fele, mandolin, vokal), Ingemund Askeland (banjo munnspel, vokal)

Lady Hardanger reiste frå Vestlandet, ramla i gumbo-gryta i Louisiana og fann vakre popviser i undergrunnen i Berlin. Slik enda dei opp med å spela ei frisinna blanding av cajunmusikk, old time, calypso, pop og norsk tradisjonsmusikk. “Lady Hardanger er i utgangspunktet et bandnavn fra himmelen, og sånn høres de jammen ut også.” (Dagsavisen). ). Kvartetten har gleda publikum med tre utgjevingar sidan oppstarten i 2016, og no seinast er dei aktuelle med EP-en “Lady Hardanger Special” (2021). Bandet er sett saman av musikarar som óg er kjende frå m.a. Frøkedal & Familien, Bergen Mandolinband m.m. Dette blir mest truleg ei kanon av ei avslutning på Folk på fredag, sesong 5!