folk på fredag

Billetter

Om arrangementet

Ugang m/ Kirsten Bråten Berg

Ugagn m/ Kirsten Bråten Berg

Sigid Berg (song) Kirsten Bråten Berg (somg) Eirik Sollid (fele, hardingfele, song) Bård Bjørke (gitar)

Ugagn byggjer arrangementa sine påden vokale folkemusikktradisjonen frå Setesdal. Tradisjonen har Sigrid arva frå mor, kvedaren Kirsten Bråten Berg, som har Prega den norske folkemusikkscena som få andre dei siste 40 åra. Bård Bjørke lagar arrangement med element av jazz og flamenco, og saman med felespelaren Eirik Sollid, har Ugagn laga sin eigen lyd i djup lojalitet til Sigrid sine musikalske røter. Gruppa har gitt ut to kritikerroste album, og er nå på veg inn i det tredje: denne gong i samarbeid med mor Kirsten

 

FOLK på FREDAG
NB: Begrensa tal billettar grunna strenge fru Korona. Kjøp på førehand på www.suldal.kulturhus.no. Har du årskort, ring oss og reserver plass.

kl 1830: Dørene opnar, og Brunsj opnar
kl 2000: Konsertar: Ugagn m/ Kirsten Bråten Berg + Torkjell & Magnus
Musikalsk vert: Mark Laurenson.

Etter konsertane: Jam, tull og prat, BRUNSJ serverer god mat mikrobryggeriøl og anna god drikke, og du kan dessverre ikkje dansa fredagspolka.

Inngang kr 250,-

-----------
UGAGN M/KIRSTEN BRÅTEN BERG
Sigrid Berg (song), Kirsten Bråten Berg (song), Erik Sollid (fele, hardingfele, song), Bård Bjørke (gitar).

Ugagn er ein trio som byggjer arrangementa sine på den vokale folkemusikktradisjonen frå Setesdal. Tradisjonen har Sigrid arva frå mor, kvedaren Kirsten Bråten Berg, som har prega den norske folkemusikkscena som få andre dei siste 40 åra. Bård Bjørke lagar arrangement med element frå jazz og flamenco, og saman med den høgt verdsette felespelaren Erik Sollid, har Ugagn laga sin eigen lyd i djup lojalitet til Sigrid sine musikalske røter. Gruppa har gitt ut to kritikarroste album, og er nå på veg inn i det tredje; denne gong i samarbeid med mor Kirsten.


------------
TORKJELL & MAGNUS & ERLING
Torkjell Tveiten (hardingfele), Magnus Solbakken (trekkspel), Erling Rognskog (bass)

Torkjell kjem frå Tuddal og bur på Nesflaten, Erling kjem frå Surnadal og bur på Sand, medan Magnus er motstraums, han er røldøl og bur i Røldal. Me kan likevel stola på at dei held saman i takt og tone. Dei utgjer 3/4 av Røldalstrioen (som eigentleg er ein kvartett?), og dei spelar nok hovudsakleg gammaldans til oss denne vesle økta. Svung og kraft frå desse to kan føra til at det rykker noko i dansefoten, men denne kvelden må ein beherska seg på grunn av strenge Fru Korona. (Me lovar fredagsfolket ein skikkeleg svingom når Fru Korona ikkje lenger bestemmer.) 

 

__________________________________

MEIR Folk på fredag 2020:
6. nov: Väsen (Sverige) + Suldalsvatnet Shantykor
__________________________________

Alle velkomne, - ta med venner, kollegaer, kjende og kjære til ein avslappande og sosial fredagskveld på kulturhuset i Suldal. Sofaen kan slitast seinare!

Har du spørsmål om konsertane/Folk på fredag, kontakt Åshild på tlf 97503463. 

Hugs å vaska hender og halda 1-meters avstand. Og er du forkjølt eller kjenner deg litt tufs, anbefaler me faktisk å bruka din eigen sofa akkurat denne fredagskvelden.
____________________________________

Folk på fredag er eit samarbeid mellom Suldal kulturhus, Ryfylkemuseet og Brunsj.